Prosjektet ‘Replacement of Contentious Inputs in Organic Farming Systems (RELACS)’ vil utvikle og legge til rette for å ta i bruk kostnadseffektive og miljømessige trygge verktøy og teknologiar for å fase ut bruken av innsatsfaktorar som er sett på som uheldige å bruke i økologiske landbruk. Prosjektet blei utvikla av aktørar frå næringa, forsking, rådgjeving og industri, og har 29 partnarar frå tretten land. RELACS blir leia av det sveitsiske forskingsinstituttet Research Institute of Organic Agriculture (FiBL).

Håvard Steinshamn er prosjektansvarleg frå NIBIO Tingvoll og er nestleiar for arbeidspakke 6 (WP6: Revision of vitamin requirements in organic livestock and identify sources for GMO-free vitamin production). Prosjektet er finansiert gjennom Horisont 2020 med ei totalramme på ca. 4 millionar € og prosjektperiode på 4 år (2018 – 2022).

Kort om prosjektet:
Som ei systemtilnærming til bærekraftig landbruk, har økologisk landbruk som mål og effektivt forvalte økologiske prosesser, og samtundes redusere avhengigheta av ytre innsatsfaktorar.

Partnarane i RELACS-prosjektet vil undersøke og teste avanserte og nye løysingar for vidare å redusere bruken av eksterne innsatsfaktorar og om nødvendig utvikle og ta i bruk kostnadseffektive og miljøsikre verktøy og teknologiar for å:
•Redusere bruken av koppar og mineralolje i plantevern
•Identifisere bærekraftige gjødselkjelder
•Finne løysingar som støttar opp under husdyrhelse- og velferd